< Reisestipend frå Audiovisuelle oversetteres fond

Reisestipend frå Audiovisuelle oversetteres fond

 

NAViO, Norsk audiovisuell oversetterforening, organiserer omsetjarar som arbeider med teksting for fjernsyn, video og kino. Audiovisuelle oversetteres fond er stifta av NAViO.

 

Det skal i 2007 delast ut tjue reisestipend frå Audiovisuelle oversetteres fond til omsetjarar som verkar innanfor audiovisuelle medium. Kvart av stipenda er på kr 17 300.

 

Alle som arbeider med audiovisuell omsetjing, kan søkje om stipend. Dei som får tildelt stipend, skal innan eitt år etter tildelinga nytte stipendet til ei reise for å heve den faglege kompetansen sin.

 

Ved vurderinga av søknadene vil stipendkomiteen leggje til grunn:

a) om søkjaren er aktiv som audiovisuell omsetjar i det året stipendet blir tildelt

b) kor lenge søkjaren har arbeidd med audiovisuell omsetjing

c) kor stort volum søkjaren har produsert på dei siste fem åra (2002-2006)

d) kva fagleg nytte søkjaren vil få av reisa som stipendet er knytt til

e) andre særskilde forhold

 

Stipenda skal tildelast på NAViOs årsmøte våren 2007.

 

Stipendsøknaden må sendast rekommandert på eit eige skjema til NAViO, Arbeidersamfunnets plass 1C, 0181 Oslo. Søknadsskjemaet finst på NAViOs heimeside på Internettet (www.navio.no). Ein kan også få skjemaet tilsendt ved å kontakte NAViO.

 

Søkjaren må dokumentere kor stort omsetjingsvolum han/ho har produsert innan audiovisuelle medium, med kopi av likningsattest, sjølvmelding eller lønnsslippar frå dei tre siste åra (2003-2005), og gi eit overslag over kor stort volum han/ho vil produsere i 2006.

 

Søknadsfristen er 15. november 2006.

 

Last ned søknadsskjema her.