Norsk
audiovisuell oversetterforening (NAViO) deler ut fag- og forskingsstipend frå
Audiovisuelle oversetteres fond (AViOF) til prosjekt som vil vere til nytte for
norske audiovisuelle omsetjarar (AV-omsetjarar).
·
forskingsprosjekt som
AV-omsetjarar vil ha nytte av i arbeidet sitt, for eksempel språkvitskaplege
undersøkingar med problemstillingar som er relevante for AV-omsetjing, eller
utvikling av tekniske eller elektroniske hjelpemiddel for AV-omsetjarar
·
prosjekt som er med på å
styrkje AV-omsetjarane som yrkesgruppe, for eksempel å delta på faglege arrangement, skrive
artiklar eller utarbeide og halde foredrag
·
andre
prosjekt som vurderingskomiteen meiner er i samsvar med formålet for AViOFs
fag- og forskingsstipend
Stipendsøknaden må innehalde
·
ein
detaljert plan for prosjektet som det blir søkt om støtte til
·
kor
stor sum det blir søkt om
·
eit
budsjett for heile prosjektet (dersom det er eller vil bli søkt om støtte frå andre
enn NAViO, må dette gå fram av budsjettet)
·
ei
utgreiing som viser korleis prosjektet vil vere til nytte for AV-omsetjarar
Vurderingskomiteen er nedsett av
årsmøtet i Norsk audiovisuell oversetterforening. I inneverande periode skal
komiteen dele ut stipend for inntil kr 100 000 til saman. Det er ikkje sett
nokon søknadsfrist, men komiteen vil ha møte omtrent ein gong i kvartalet for å
vurdere innkomne søknader. Dei søkjarane som får tildelt fag- og
forskingsstipend frå Audiovisuelle oversetteres fond, må inngå ein forpliktande
avtale om prosjektet dei får støtte til.
Spørsmål om NAViOs fag- og
forskingsstipend kan rettast til stipend@navio.no.
Søknader kan sendast til NAViO,
Arbeidersamfunnets pl. 1C, 0181 Oslo eller per e-post til stipend@navio.no.