Reisestipend frå Audiovisuelle oversetteres fond
NAViO, Norsk audiovisuell oversetterforening, organiserer omsetjarar som arbeider med teksting og dubbing for fjernsyn, video og kino. Audiovisuelle oversetteres fond er stifta av NAViO.
Det skal i 2010 delast ut tjuefem reisestipend frå Audiovisuelle oversetteres fond til omsetjarar som verkar innanfor audiovisuelle medium. Kvart av stipenda er på kr 17 500.
Alle som arbeider med audiovisuell omsetjing, kan søkje om stipend. Dei som får tildelt stipend, skal innan eitt år etter tildelinga nytte stipendet til ei reise for å heve den faglege kompetansen sin.
Ved vurderinga av søknadene vil stipendkomiteen leggje til grunn:
Stipenda skal tildelast på NAViOs årsmøte våren 2010.
Stipendsøknaden må sendast til NAViO, Arbeidersamfunnets plass 1C, 0181 Oslo.
Søkjaren må dokumentere kor stort omsetjingsvolum han/ho har produsert innan audiovisuelle medium, med kopi av likningsattest, sjølvmelding eller lønnsslippar frå dei tre siste åra (2006-2008), og gi eit overslag over kor stort volum han/ho vil produsere i 2009.
Søknadsfristen er 1. november 2009.
Last ned søknadsskjema her.