Fag- og forskingsstipend frå Audiovisuelle oversetteres fond

Norsk audiovisuell oversetterforening (NAViO) deler ut fag- og forskingsstipend frå Audiovisuelle oversetteres fond (AViOF) til prosjekt som vil vere til nytte for norske audiovisuelle omsetjarar (AV-omsetjarar).

Stipenda skal gå til

  • forskingsprosjekt som AV-omsetjarar vil ha nytte av i arbeidet sitt, for eksempel språkvitskaplege undersøkingar med problemstillingar som er relevante for AV-omsetjing, eller utvikling av tekniske eller elektroniske hjelpemiddel for AV-omsetjarar

  • prosjekt som er med på å styrkje AV-omsetjarane som yrkesgruppe, for eksempel å delta på faglege arrangement, skrive artiklar eller utarbeide og halde foredrag
  • andre prosjekt som vurderingskomiteen meiner er i samsvar med formålet for AViOFs fag- og forskingsstipend

Stipendsøknaden må innehalde

  • ein detaljert plan for prosjektet som det blir søkt om støtte til

  • kor stor sum det blir søkt om

  • eit budsjett for heile prosjektet (dersom det er eller vil bli søkt om støtte frå andre enn NAViO, må dette gå fram av budsjettet)

  • ei utgreiing som viser korleis prosjektet vil vere til nytte for AV-omsetjarar

Vurderingskomiteen er nedsett av årsmøtet i Norsk audiovisuell oversetterforening.

Dei søkjarane som får tildelt fag- og forskingsstipend frå Audiovisuelle oversetteres fond, må inngå ein forpliktande avtale om prosjektet dei får støtte til.

Spørsmål om NAViOs fag- og forskingsstipend kan rettast til stipend(a)navio.no.

Søknader kan sendast til NAViO, Arbeidersamfunnets pl. 1C, 0181 Oslo eller per e-post til stipend(a)navio.no.