Fag- og forskingsstipend frå Audiovisuelle oversetteres fond
Norsk audiovisuell oversetterforening (NAViO) deler ut fag- og forskingsstipend frå Audiovisuelle oversetteres fond (AViOF) til prosjekt som vil vere til nytte for norske audiovisuelle omsetjarar (AV-omsetjarar).
Stipenda skal gå til
forskingsprosjekt som AV-omsetjarar vil ha nytte av i arbeidet sitt, for eksempel språkvitskaplege undersøkingar med problemstillingar som er relevante for AV-omsetjing, eller utvikling av tekniske eller elektroniske hjelpemiddel for AV-omsetjarar
prosjekt som er med på å styrkje AV-omsetjarane som yrkesgruppe, for eksempel å delta på faglege arrangement, skrive artiklar eller utarbeide og halde foredrag
andre prosjekt som AViOF-styret meiner er i samsvar med formålet for AViOFs fag- og forskingsstipend
Stipendsøknaden må innehalde
ein detaljert plan for prosjektet som det blir søkt om støtte til
kor stor sum det blir søkt om
eit budsjett for heile prosjektet (dersom det er eller vil bli søkt om støtte frå andre enn NAViO, må dette gå fram av budsjettet)
ei utgreiing som viser korleis prosjektet vil vere til nytte for AV-omsetjarar
Dei søkjarane som får tildelt fag- og forskingsstipend frå Audiovisuelle oversetteres fond, må inngå ein forpliktande avtale om prosjektet dei får støtte til.
Spørsmål om NAViOs fag- og forskingsstipend kan rettast til stipend(a)navio.no.
Søknader kan sendast til NAViO, Arbeidersamfunnets pl. 1C, 0181 Oslo eller per e-post til stipend(a)navio.no.