TEKSTIADEN 2020

Tekstiaden 2020 går av stabelen 6. september kl. 1800–2200.

Lenke til nedlastingssida blir sendt ut på epost til alle NAViO-medlemmer, i tillegg til å bli lagt ut på navio.no før konkurransestart, slik at ikkje-medlemmer også kan delta.

Årets oppgåve er henta frå ein dokumentar, og det vil ikkje vera same tidspress som i fjor, for dei som hugsar korleis det var.

Filmklippet er på ca 12 minutt, og skal setjast om frå engelsk til nynorsk eller bokmål. God komprimering er viktig for god teksting, og juryen anbefaler lesehastigheit på 9–12 sekund, noko som er i tråd med praksis i NRK og TV2.

Premiane i år er justert litt for å gjera 2. og 3. plassen litt meir forlokkande. Dei tre fyrste plassane blir premiert slik:

1. plass: 20 000 kroner + diplom

2. plass: 12 000 kroner + diplom

3. plass: 8000 kroner + diplom

 Me håpar så mange som mogleg vil delta.