Velkommen til NAViOs heimesider på Internett. NAViO, Norsk audiovisuell oversetterforening, er ein fag- og interesseorganisasjon for norske tekstarar og dubbarar. Vi søkjer å fremme dei økonomiske interessene til medlemmene våre, vi tek hand om dei rettane audiovisuelle omsetjarar har som opphavspersonar til åndsverk, vi tilbyr medlemmene fagleg oppdatering og utvikling, og vi skaper sosiale møtestader for folk i bransjen, berre for å nemne dei viktigaste av arbeidsfelta våre.

På desse sidene vil du finne informasjon om NAViOs arbeid og aktivitetar for audiovisuelle omsetjarar og om tekste- og dubbebransjen. Det er dessutan lagt ut lenkjer til nyttige nettsider for alle som arbeider i denne bransjen. Etter kvart vil det også komme ein eigen modul med pålogging som er berre for NAViOs medlemmer, med blant anna medlemsregister og intern informasjon.

Eg vil rette ein stor takk til alle som har vore med på å utvikle desse sidene, spesielt Lars Dalene Kristensen, som har lagt ned mykje arbeid i dette. Vi tek gjerne imot innspel om nye tema, peikarar til aktuelle nettsider og andre forslag til forbetringar av nettsidene våre. Slike framlegg kan du sende til nettredaktør(a)navio.no.

Eg håper du vil få glede og nytte av NAViOs heimesider.
Beste helsing

Ole Jan Borgund
styreleiar, NAViO