Reisestipend frå Audiovisuelle oversetteres fond

NAViO, Norsk audiovisuell oversetterforening, organiserer omsetjarar som arbeider med teksting og dubbing for fjernsyn, video, kino og Internett. Audiovisuelle oversetteres fond er stifta av NAViO.

Det skal i 2017 delast ut 25 reisestipend frå Audiovisuelle oversetteres fond til omsetjarar som verkar innanfor audiovisuelle medium. Kvart stipend er på kr 17 500.

Alle som arbeider med audiovisuell omsetjing, kan søkje om stipend. Dei som får tildelt stipend, skal innan eitt år etter tildelinga nytte stipendet til ei reise for å heve den faglege kompetansen sin.

Ved vurderinga av søknadene vil stipendkomiteen leggje til grunn:

• om søkjaren er aktiv som audiovisuell omsetjar i det året han/ho søkjer stipend

• kor lenge søkjaren har arbeidd med audiovisuell omsetjing

kor stort volum søkjaren har produsert dei siste fem åra (2012–2016)

• andre særskilde forhold

Stipenda skal tildelast på NAViOs årsmøte våren 2017.

Søknader sendes enten elektroniske til stipend@navio.no eller med post til

NAViO, Arbeidersamfunnets plass 1C, 0181 Oslo innen 1. november 2016.

Søkjaren må dokumentere kor stort omsetjingsvolum han/ho har produsert innan audiovisuelle medium, med kopi av likningsattest, sjølvmelding eller lønnsslippar frå dei tre siste åra (2013–2016), og gi eit overslag over kor stort volum han/ho vil produsere i 2016.

Dersom søkjaren har inntekt frå både teksting for høyrselshemma og omsetjing, skal inntekta for teksting for høyrselshemma trekkjast frå.

soknadsskjema-reisestipend-2017