Illustrasjon Resisetipend NAViO

No er det igjen på tide å søkja om reisestipend. Fristen for å søkja er 1. februar 2020, og tildelinga vil skje på årsmøtet til NAViO i april.

Det blir totalt delt ut 25 reisestipend, og kvart stipend er på 20 000 kr. For å kunna få reisestipend må du oppfylla visse kriterier. Du må:

  • Arbeida med AV-omsetjing til dagleg
  • Ha teksta minst 1000 minutt og/eller hatt ei inntekt på minst 1G av AV-omsetjing med norsk eller samisk som kilde- eller målspråk i 2019.

Søkjarar som har fått reisestipend dei siste 5 åra stiller bakerst i køen, men det er lov å søkja.

Stipendkommiteen prioriterer etter desse kriteria:

  1. Kor lenge du har arbeidd som AV-omsetjar
  2. Kor stort volum du har produsert dei siste 3 åra.
  3. Andre særlege forhold

Ved vurdering av ansiennitet i yrket tel eitt av fleire avbrekk med foreldrepengar eller sjukepengar i inntil eitt år som inntekt av AV-omsetjing.

Søkjaren må dokumentera volumet han eller ho har produsert innan audiovisuelle medier med skattemelding/skatteoppgjer/A-melding eller lønsslippar frå dei tre siste åra (2017-2019).

Dersom søkjaren har inntekt frå både teksting for hørslehemma og omsetjing, skal inntekta for teksting for hørslehemma trekkjast frå. Minutt og inntekt blir automatisk summert i skjemaet.

Les meir og last ned skjema her