Tekstiaden 2019

Gode NAViO-medlemmer og andre AV-omsetjarar. Tevlingsdelen av Tekstiaden 2019 unnagjort, og juryen sit no kvar for seg og les gjennom bidraga. Det er tydeleg at oppgåva i år, drøye 16 minutt av komiserien “Modern Family” på 3 timar, var krevjande, spesielt tidsmessig.

I år var det fart som stod i fokus; ei spegling av arbeidskvardagen til mange AV-omsetjarar i dag. Gjer du det ikkje fort og gale, blir løna altfor dårleg. Tektiadekomitéen satsar på at oppgåva neste år blir av ein annan karakter, som kanskje meir speglar arbeidsvilkåra til NRK-tekstarar, der det store problemet ikkje er å klara å koma gjennom materialet raskast mogleg, men å finna dei rette orda og vendingane som gjer det mogleg å seia mest mogleg, best mogleg, med færrast moglege teikn.

37 lasta ned, 12 sendte inn og 9 fullførte

Tekstiadevideoen vart i år lasta ned frå 37 unike IP-adresser, mot 64 i fjor. Berre 12 bidrag vart leverte inn, mot 40 i fjor. Av desse 12 var det 9 som kom gjennom heile oppgåva. Det var altså krevjande, men ikkje umogleg, og me er trygge på at me, i år som i fjor, skal klara å kåra 3 verdige vinnarar.

Hieronymusfeiringa

I tillegg til ein fin pengepremie, kjem vinnarane til å få diplom og merksemd under den årlege Hieronymusfeiringa 26. september i konferansesenteret til Røde Kors i Hausmannsgate 7 i Oslo. Arrangementet startar klokka 17.30 og er ferdig 21.30.

Dersom du ynskjer å vera med på Hieronymus-feiringa, kan du fylgja denne lenka: https://www.deltager.no/hieronymus-feiring_2019_26092019