Tua – sunn eller usunn?
– av Marita Liabø.

Ifølge NHO-rapporten «Selvstendig næringsdrivende i Norge – hvem er de og hva betyr de for fremtidens arbeidsmarked?» (2016) har berre éin av ti av dei rundt 350.000 som er heilt eller delvis sjølvstendig næringsdrivande her i landet, forsikra seg mot tronge tider, sjukdom og alderdom. Forskarane skriv: «Man kan hevde at dette er overraskende all den tid de selvstendig næringsdrivende er tydelig bevisst på problematikken.»

Kanskje vi er sløve, vi som sit på vår eiga tue og putlar med vårt?

Vi som driv og skriv og omset og formidlar fakta, fiksjon og underhaldning , for eksempel, i ulike medium og kanalar, litt her og litt der, mens vi lever frå hand til munn, trass i at vi har høg utdanning og leverer noko folk er hekta på – er vi litt åndssvake? Vi har ikkje så dårleg råd at vi ikkje har råd til å forsikre oss, vel? Er vi late? For lite pågåande? Og om vi uvanleg nok, i bransjen vår, skulle få tilbod om fast jobb og lønn, ville vi då takka ja? Er vi pyser? Eller er vi sunne og sterke, fordi vi har mot til å stå aleine, hoppe att og fram og smyge oss unna struktur og byråkrati?

Vi sit på tua vår, usminka, gjerne sjuskete kledd, og leitar etter det rette ordet, for eksempel eit norsk ord – vi har plass til eitt, maks to – for «apparel», eller eit engelsk ord for «attpåklatt», mens vi feller ei tåre fordi ein hovudperson i historia vi skal gi folket, blir hardt skadd, kanskje blind.

Fast tilsette – lærarar og konsulentar og slikt noko – synest det er rart at vi vågar sitte slik, mange dørstokkar unna oppdragsgivarane vi er avhengige av, men som ikkje bryr seg om oss, fordi dei ikkje kjenner oss, fordi dei aldri har tilsett oss. Kanskje ein oppdragsgivar som har eit oppdrag som passar oss perfekt, heller gir det til ein annan – ein blidare, meir sjølvsikker kollega/konkurrent. Kanskje ein annan får jobben fordi han og oppdragsgivaren drakk øl i lag ein gong, eller fordi han leverte plettfritt arbeid sist, mens vi omsette «free» med «fri» der det skulle stått «gratis». (Hadde vi hatt tid til å ta ein gjennomgang til, hadde vi òg unngått at «ein 80-åring» blei til «ein 18-åring», og vi hadde fått sett inn eit komma på rett stad her: «Eg trur folk som jobbar heile tida blir sjuke.»

Mange fast tilsette synest det er rart at vi vel einsemd, låg inntekt og stramme tidsfristar framfor faste rammer og tryggleik. Det verste, meiner enkelte, er at vi ikkje kan klage. Vi har ingen å klage til, så vi klagar ikkje. Men så er det ikkje usunt, ikkje å klage. Ifølge «Selvstendig næringsdrivende i Norge», som viser til levekårsundersøkingar, trivst lausarbeidarar jamt over betre enn arbeidstakarar, og dei er meir motiverte. Særleg sjølvstendig næringsdrivande kvinner er mindre slitne og har lågare sjukefråvær enn kvinnelege arbeidstakarar. 12 prosent av kvinnene som er tilsette i ei verksemd, oppgir at dei er psykisk utmatta etter jobb dagleg eller eit par dagar i veka, mot berre 2 prosent av dei sjølvstendig næringsdrivande kvinnene.

Éin grunn til at folk blir utmatta – eller utbrende – er at dei ikkje kjem overeins med ein sjef eller kunde eller kollega. Viss kjemien er elendig, eller ein konflikt blir handtert elendig, blir nokon fort både idiot og psykopat, eller berre ubrukeleg, og då blir nokon fort sjukmeld. Då ristar vi lausarbeidarar på hovudet. Vi seier til oss sjølve at vi er glade vi kan sitte på ei tue og skode utover verda – i TV-program på TV-program – dagen lang. Blir beina hovne, er vi frie til å gå ein tur, og vi kan sette oss på pub, om vi vil, og jobbe vidare der. Får vi nok av tua vår, kan vi ta med oss arbeidet til ei tue på ein annan kant av kloden, og ete billig mat vi tidlegare berre ikkje har greidd å omsette, som durian eller donuts.

For hundre år sidan var folk flest sjølvstendig næringsdrivande. Bønder og fiskarar, handverkarar, vertar, frisørar, seljarar, legar, lærarar … Folk dreiv for seg sjølv, og dei hadde dårlegare råd enn vi har i dag. Men fleire var tilfredse. Færre var sjuke. Færre var sure. Færre var deppa. Det er klart dei var heldige som ikkje hadde den helsikes e-posten og alle nettforuma og passorda og halde styr på, og dei slapp å bruke timar på å fylle ut skjema og skrive og lese meldingar og deretter samtale om kva som er blitt skrive og lese. Men hovudgrunnen til at dei var tilfredse, er at dei hadde roa. I dag driv rundt 15 prosent av alle sysselsette sjølvstendig næringsverksemd, og vi blir visst fleire. Enno har vi bønder, fiskarar og handverkarar, og godt er det. Det vi naturlegvis har fått meir av, er IT- og kulturarbeidarar. Musikarar, systemutviklarar, skodespelarar, skribentar, omsettarar og tekstarar, blant anna. Dessutan veks talet på lausarbeidarar fordi fleire og fleire arbeids- og oppdragsgivarar seier til seg sjølv at jo færre tilsette dei har, jo færre plikter og bekymringar får dei. Ein arbeidsgivar skal ikkje berre sjå til at dei tilsette kjem på jobb og blir ferdig med oppgåvene sine til eit viss tid, utan å svikte eller provosere kundar, klientar, kollegaer eller mannen i gata. Ein arbeidsgivar må i tillegg sjå til at dei tilsette ikkje frys eller får heteslag, at dei har gode arbeidsklede, at dei ikkje får vondt i ryggen eller auga, at dei har ein dass i nærleiken og at dassen er rein, og at dei får vaska seg på hendene. Dei må få ete og drikke, dei må sleppe å bli hetsa, og vil dei heim, må dei faktisk få gå. Ikkje minst har dei rett på avlastning og økonomisk støtte ved sjukdom. Det er eit styr. Derfor skal folk helst halde seg friske. Men skal vi halde oss friske, må vi ha det bra.

Det er ikkje lett, med andre ord, enten ein er arbeidsgivar eller arbeidstakar. Ifølge «Selvstendig næringsdrivende i Norge» oppgir heile 23 prosent av arbeidstakarane at dei er på jakt etter ny jobb, mot berre 9 prosent av lausarbeidarane. Tala indikerer at det å stå fritt er ei kjelde til trivsel, sjølv om ein er utrygg. Ja, for vi som er lausarbeidarar, er «bevisst på problematikken»: Vi veit at vi er like utrygge som dei var for hundre år sidan, dei som sat på ei tue og putla med sitt. Vi veit at det er lurt å teikne ei forsikring og ein pensjonssparingsavtale, mens vi drøymer om pengar. Vi veit òg at det er sunt å ta ein tur inn i faste rammer av og til. Men inntil vidare kan vi slå i tua med at vi er relativt sunne. Friske og frie som fiskar – det er vi. Inntil vidare, altså.

 

Teksterbloggen, 9.11.

Mer info  om hvordan du kan skrive innlegg.